www.sognalyd.no
post@sognalyd.no
 
våre tenester reklame coverdesign lydstudioet gje ut demo-cd?
SognaLyd
  Om SognaLyd
Våre tenester
Kontakt oss
Nyhendearkiv
Pressemeldingar
Sogndal Lydstudio AS
  Om Sogndal Lydstudio
Lydstudioet
Prisliste
Utstyr til sals
Samarbeidspartnerar
  Øyre Lyd
Utval av referansar

Fabel

Type prosjekt:
CD-prosjekt, demo-cd

Fabel er blant heimfylkets mest populære og folkekjære grupper. Dei var i Sogndal Lydstudio og spela inn ein demo-cd som vart forløparen til deira kritikarroste album "Det e' musikk".



Billa and The Kid

Type prosjekt:
CD-prosjekt, post-produksjon, Mastering, Cover

Billa and The Kid, henholdsvis Bjørn Rune Nondal ("Billa") og Gunnar Yttri ("The Kid"), har vore fleire gonger i Sogndal Lydstudio. Fyrst med deira suksess-album "Heim til jul" med klassikaren "69-modell, grå Ford Cortina" (2000) og seinare med post-produksjon på deira live album "Levande" (2001). Me laga og coveret til dette albumet.



Windir

Type prosjekt:
CD-pålegg, ulike demoar

Windir har vore fleire gonger i Sogndal Lydstudio, men best kjend er nok pålegga til plata "Arntor". Besøka frå Terje har vore noko av dei oppdraga me har sett mest pris på - og kjem til å sakna mest.



E-Head

Type prosjekt:
Vokal- og effektpålegg. CD

E-Head har vore fleire gonger innom dørane våre på Kvåle. Oppdraga har stort sett gått ut på vokal- og effektpålegg til landeplagene hass.



Utopia

Type prosjekt:
CD-produksjon, ulike demoar

Utopia har spela inn alle sine demoar, båe kjende og ukjende i Sogndal Lydstudio.



Tunheim The Movie

Type prosjekt:
Film lydspor, Film effektspor.

Tunheim the Movie fekk lagt inn heile lydsporet (musikk og effektar) i Sogndal Lydstudio.



Olav Stedje

Type prosjekt:
Vokal pålegg.

Olav Stedje har vore fleire gonger i Sogndal Lydstudio, då som regel som innleigd musikant.



PVest

Type prosjekt:
Reklame, lydspottar, musikkspottar.

PVest er SognaLyd og Sogndal Lydstudio sin samarbeidspartner innan produksjon av lydspottar og reklamespottar (musikk / tale) til radio.



Dag Skram

Type prosjekt:
CD-produksjon, Cover, Grafisk materiale

Dag Skram spela inn si plate "Doggdropenatt" i si heilsemd i Sogndal Lydstudio. Sogndal Lydstudio produserte "Doggdropenatt" og laga coveret, samt anna grafisk materiell.



Sviggum Band

Type prosjekt:
CD-produksjon, ulike demoar.

Sviggum Band har vore fleire gonger i Sogndal Lydstudio. Mellom anna kan me nemne innspeling av tusenårslåta frå Sogn og Fjordane "Ein morgondag", innspeling av "Tunheim The Movie" hiten "I'm on my way". I tillegg har Sviggum Band, med Paul Inge Sviggum i spissen, spela inn ei cd-plate i Sogndal Lydstudio med Per Hillestad og Kjell Hestetun frå Årdal, som vert slept i løpet av dette året.



Ulcus

Type prosjekt:
CD-demo, ulike demoar

Ulcus har vore innom Sogndal Lydstudio ved fleire anledningar og spela inn demoar.



Sogn

Type prosjekt:
CD-produksjon, ulike demoar, Cover, Grafisk materiale

Gruppa "Sogn" var i Studio hausten 2003 og spela inn ein demo-cd. Dei har og ved ein tidlegare anledning spela inn låta "I morgonkveld" som vann fylkestoppen seks gonger av seks moglege!





Lerum

Type prosjekt:
Promo-CD, Nyinnspeling av kjende melodiar

Lerum fabrikkane har nytta Sogndal Lydstudio ved fleire høve. Oppdraga har vore å spela inn ulike evergreens, der dei sjølve har skrive ny tekst til. Desse har vortne nytta til promo-ting.



Sjetraddane

Type prosjekt:
CD-prosjekt, Cover

Noregsmeistrane i gammaldans "Sjetraddane" er stamkundar hjå SognaLyd og Sogndal Lydstudio. Dei representerar det fremste i sin sjanger, og då er kun det beste godt nok, i følgje dei sjølv. Dei har spela inn to komplette cd-prosjekt, det siste vert lagt siste hand på i desse dagar.



Grev Moltke

Type prosjekt:
CD-post-produksjon, Cover

Grev Moltke og dei raude prinsane, som dei kallar seg, har vore fleire gonger innom studioet vårt på Kvåle. Deira debut-cd "Blå planet" spela dei inn sjølve i eige studio, men overlot post-produksjonen til oss. Me miksa ferdig melodiane, laga master, og sette coveret deira.



Fjørarevyen

Type prosjekt:
Nyinnspeling av kjende melodiar, Lydpålegg til film.

Fjørarevyen, eller som nokre av dei seinare har kalla seg, "Revyenes herrer", har samarbeida med Sogndal Lydstudio heilt frå deira spede byrjing. Samarbeidet har stort sett gått ut på utlån av utstyr, innspeling av kjende melodiar med ny tekst og lydpålegg til filmsnuttar.



Rutebilstasjonen

Type prosjekt:
CD-prosjekt, Cover

Rutebilstasjonen spela inn ein demo-cd hjå oss for ein tid sidan. Me arrangerte melodiane, produserte demo-cden og laga cover til dei.



Stainless

Type prosjekt:
CD-demo

Gruppa Stainless har vore hjå oss til innspeling av demo-cd. Melodiane har vore seinare spelt på NrK Sogn og Fjordane.



Høgskulen i S&Fj

Type prosjekt:
Promo-CD

Høgskulen har vore fleire gonger i Sogndal Lydstudio. Sist representert ved Eirik Myge.



Tor Talle

Type prosjekt:
CD-pålegg

Tor Talle har vore innom studioet vårt, då stort sett på grunn av instrument-pålegg.



Tidstyvene

Type prosjekt:
CD-prosjekt, post produksjon av live opptak, Cover

Musikal-suksessen "Tidstyvene" av og Med Halvor Rulnes og Eirik Myge har sjølvsagt vore i Sogndal Lydstudio for å festa suksessen deira til band. CD-prosjektet er ein blanding av live- og studioopptak. Me laga og coveret deira.



Me e med - offisiell CDsgl
SognaLyd har levert 1000 CD-singlar til Sogndal Fotball
 
Tone Aaberge i studio
Vokal og koring på 'Me e med'
 
   
Skarvegutane i studio
For å spele inn 20 års jubileums-CD
 
Børge Vatlestad og Kjell Olav Nordheim
Samarbeider på ny CD, med nye sangar.
 
Dobbel-CD i sal no!

Den perfekte gåva til foreldre og besteforeldre! Klikk på biletet for meir informasjon.

Roger Allan Ivin

Kritikarrost debut-ep frå Roger Allan Ivin! Klikk på biletet og bestill no!

Referansar
Vis alle referansar
Direkte til
Pressemeldingar
Nyhendearkiv
Hovudsida
      SOGNALYD | SOGNDAL LYDSTUDIO AS         LUNNAMYRI 16 | NO-6856 SOGNDAL | TLF 57 67 46 45 | MOB 917 16 715 | NO 977 462 169 MVA